OPPBEVARING OG SIKRING - VEILEDENDE RUTINER ARKIVLOKALER
Krav og frister
- Daglegarkiv kan vera plassert i vanlege kontorrom dersom desse lokala oppfyller dei generelle krava til arkivlokale (§ 4-1).
- Fjernarkiv og eldre /avslutta arkiv skal vera plassert i lokale som oppfyller krava til spesialrom for arkiv. (godkjent av arkivverket)
- Føresegna har ikkje tilbakeverkande kraft.
- Arkivlokala i alle nybygg skal tilfredsstilla krava.
- Alle arkivskaparar er forplikta til å syta for tilfredsstillande oppbevaringsforhold for sine arkiv.
- Rom som blir brukte til oppbevaring av arkivmateriale skal tilfredsstilla krava til arkivrom i Føresegn om offentlege arkiv (kap. 4 § 4-1 – 4-12).
- Alle arkivlokala skal oppfylla krava seinast innan 1 år etter at forskrifta trådde i kraft (2012).
- Vestre Slidre kommune oppfyller krava pr. 01.07.2012
Kartlegging og rapportering
- Alle verksemder og arkivskaparar skal, innan tre år etter at forskrifta er trådd i kraft, ha utarbeidd ein oversikt over alle arkivlokale dei har, og leggja fram ein plan for oppbevaring av arkivmateriale i tråd med forskrifta sine krav til arkivrom.
- Oversikten og planen skal leggjast fram for Riksarkivaren.
Utforming og dimensjonering
- Det lyt bli teke høgde for framtidig tilvekst med planleggjinga av arkivrom..
- Golv og reolar i arkivlokale skal ha stor nok bereevne til å tåle belastninga av arkivmaterialet.
- Reolar og hyller skal vera laga av ikkje-brennbart materiale (tilsvarande brennlakkert stål).
- Hyllene bør vera regulerbare i høgda og hyllelengda bør vera ein meter.
- I spesialrom for arkiv må reolar og hyller plasserast slik at materialet ikkje står inntil vegg, tak eller på golv.
- Nedste reolhylle skal ikkje vera plassert nærare golvet enn 10 cm. Hylleavstand til vegg skal vera 5 cm.
- Lokala skal væra innreiast med fri golvplass til transport (min. 120 cm.) og reolgangar til framhenting av materialet (min. 70 cm.).
- Arkivlokala skal vera utstyrt med nødvendig arbeidsplass for arkivpersonalet. Dersom dette ikkje er teknisk råd, skal arbeidsplassen vera i nærleiken av arkivlokalet.
- Arkivlokala skal vera utstyrt med tilstrekkeleg lyssetjing av godkjend kvalitet.
Sikring mot vann og fukt
- Arkivlokala skal generelt vera slik plassert og utforma at vatn og fukt ikkje trenger inn.
- Flaumtruga lokale kan ikkje brukast til arkivrom.
- Det kan ikkje vera vassførande røyr eller radiatorar i spesialrom for arkiv. For førebels løysingar som ikkje tilfredsstiller dette kravet, skal lokala utstyrete med fuktfølar, stengeventil og alarm.
- Hugs hylleavstand til vegg og golv (5 og 10 cm.).
Sikring mot brann og varme
- Arkivlokale skal generelt vera sikra mot brann og skader som fylgje av sterk varmeutvikling.
- Det skal ikkje vera anna elektrisk utstyr enn det som er naudsynt for drifta i lokalet.
- Det elektriske anlegget skal vera i samsvar med føresegner om branntrygge lokale.
- Det er ikkje tillate med røyking i nokon arkivlokale.
- Alle arkivlokale skal utgjera eigne separate brannceller.
- Vanlege kontorrom som oppbevarer daglegarkiv skal ha brannmotstandsevne min. REI 30.
- Spesialrom for bortsettingsarkiv skal ha brannmotstandsevne min. REI 60.
- Arkivskap som blir nytta til bortsetting og eldre arkiv skal ha motstandsevne min. EI 90.
- Spesialrom for arkiv skal ha motstandsevne min. REI 120.
- Måling, golvbelegg og anna må vera av ein slik art at det ikkje fremjar brannspreiing.
- Lokalet skal ha varmekablar i golv som oppvarming, alternativt med eigne vernekonstruksjonar eller varmluftsanlegg som ikkje medfører brannfare.
- Alle spesialrom skal ha automatisk brannalarm tilknytt brannvesenet og det skal vera installert handslukkingsapparat (helst ikkje pulverapparat, men CO² apparat, halonapparat e.l.).
- Spesialrom for arkiv skal ikkje ha vindauga og dei skal vera utstyrte med dør som går att av seg sjølv.
Klimatisk sikring
- Arkivlokale skal generelt vera sikra mot skader på materialet årsaka av temperatur, luftfukt, forureining og støv.
- Alle arkivlokale skal ha fast reingjering.
- Temperatur og klima skal helst vera konstant.
- I kontorlokale der ein oppbevarer papirmateriale skal temperaturen vera mellom 18-20 grader.
- I spesialrom for arkiv der ein oppbevarer papirmateriale og elektroniske materiale skal temperaturen vera stabil rundt 15 grader.
- Relativ luftfukt skal vera stabil mellom 40-60 % for papir og 50 % for elektronisk materiale.
- I spesialrom for oppbevaring av foto og film skal temperaturen vera stabil mellom 6-8 grader.
- Fargenegativar og lysbilete skal oppbevarast under temperatur på minus 5 grader.
- Relativ luftfukt i rom for oppbevaring av foto skal vera stabil mellom 25-30 %, for nitratfilm og våtplater er kravet luftfukt mellom 30-40 %.
Sikring mot innbrudd og ulovlig tilgang til materiale.
- Alle arkivlokale skal vera sikra mot innbrot og mot at uvedkommande kan få tilgang til materialet.
- Alle arkivlokale skal ha reglar for tilgangen til lokale.
- Spesialrom for arkiv skal sikrast med særskilt innbrotsalarm.
Ettersyn
- Alle arkivlokale skal ha fast tilsyn og kontroll med jamne mellomrom med omsyn til sikringstiltak.
UTSTYR
Innkjøp
- Ved innkjøp av utstyr skal ein nytte dei rammeavtalene kommunen har inngått så langt det er råd.
- Arkivtjenesten gir råd om godkjente kvaliteter o.a.
Bestandighet
- For alt materiale som blir lagra for ettertid skal det bli nytta godkjent lagringsmedium.
- Foto, film og elektronisk materiale skal konverteres over til annet lagringsbestandig medium i den grad det er naudsynt for bevaringa..
Papirkvalitet
- Papir som lagringsmedium skal være arkivhaldbart (permanent papir) etter internasjonal standard ISO 9706.
Elektroniske dokument
- Elektronisk lagringsmedium kan berre nytta dersom dei er basert på system, rutinar og format godkjente av Riksarkivaren til denne bruken..
Mikrofilm
- Mikrofilm kan berre erstatte originaldokument på papir dersom dei fylgjer Riksarkivarens sine krav til rutinar og kvalitetssikring for denne bruken.
Foto
- For oppbevaring av fotografi skal det bli nytta syrefrie konvolutter o.a. utstyr som tilfredsstiller Riksarkivarens krav til oppbevaring av slikt materiale.
Skrivemateriell
- Merking av omslag, mapper, bokser o.a. som blir lagra , skal skje med blekk som toler langvarig lyspåverknad.
Arkivskap
- Arkivskap skal være til å låse att.
- Arkivskap til daglegarkiv skal ha brannmotstandsevne A30 eller høgare.
- Arkivskap som blir nytt til oppbevaring av bortsetjingsarkiv og eldre arkiv skal ha brannmotstandsevne A 90 eller høgare.
Bokser og annet oppbevaringsutstyr
- Arkivbokser og oppbevaringsutstyr skal være syrefrie, tette, med fast lokk og uten metall. Pappen skal tilfredsstille internasjonal standard.
Hyller og reoler
- Hyller og reoler skal vere av flammelakkert stål, eller materiale med tilsvarende brannmotstand og bereevne.
SIKRING AV PERSONELL OG DOKUMENT
Teieplikt
- Alle arbeidstakere har teieplikt etter forvaltningslova og dei særlover deres arbeidsområde kjem inn under.
Tilgang
- Fysisk arkivmateriale skal oppbevarast i avlåste skap så langt det er muleg..
- Kun arkivtenesta har adgang til arkivskåpa..
- Saksbehandlarar skal ha tilgang til materiale som er naudsynt for at dei kan utføre sine arbeidsoppågavne sine..
- Fortruleg informasjon skal berre gjeve til dei som har autorisasjon for dei aktuelle opplysningane.
- Tilgang til elektronisk materiale blir regulerast av datatryggleikstiltak for dette.
Kontorsikkerheit
- Fortruleg materiale som er under saksbehandling blir oppbevara nedlåst etter arbeidstid. Datautstyr skal vera slege av / utlogga ved pausar og etter arbeidsslutt.
Datasikkerheit
- Det blir teke tryggleikskopi av all ny arkivverdig dokumentasjo kvar dag.
- Det skal vera utarbeida rutinar for å hindre uautorisert tilgang gjennom passordbruk, gradert tilgang, loggesystem o.a.
- Alle program skal vera utstyrt med automatisk viruskontroll.
|