Allment innsyn
- Innsynsrett gjeld ikkje for opplysningar som er underlagt teieplikta etter forvaltningsloven. Teieplikta gjeld for "nokon sine personlege tilhøve", tekniske innretningar, framgangsmetodar og drifts- og forretningsforhold som kan ha konkurransemessige konsekvensar. Teieplikta gjeld som hovudregel i 60 år, med unntak av barnevern- og adopsjonssaker som har teieplikt på respektive 80- og 100 år.
- Kommunale arkiv som er danna etter 01.01.1971 er opne for innsyn etter reglene i offentlegheitslova. Disse reglene gjeld ikkje for kommunale arkiv som er skapt før 1971, men dei skal likevel være retningsgivande for innsyn i slike arkiv. Etter forvaltningsloven gjeld regelen om partsinnsyn, dvs. at ei part i ei forvaltningssak har rett til å gjera seg kjent med dokument i saken. Denne retten gjeld ubegrensa i tid.
- Innsynsrett gjeld ikkje interne dokument (dvs. dokument som eit organ, eit underordna organ eller særskilt sakkunnige har utarbeidd som ei del av intern saksførebuing), opplysning som kan få fylgje for tryggleiken til riket og opplysning som er utilrådelig at fleire personar får kjennskap til, av omsyn til eiga helse og tilhøve til personar som står vedkommande nær (slike opplysningar kan likevel bli gjort kjent for fullmektig for den det gjeld).
- Eit vilkår for å få innsyn i arkiva er at brukaren identifiserer den aktuelle saka, t d ved hjelp av arkivkatalog eller postjournal. Når det ikkje fins detaljerte register over arkivmaterialet, skal arkivleiar undersøkje om det inneheld opplysningar underlagt teieplikt før brukaren får tilgang. Det vil vanlegvis ikkje bli gjeve innsyn i arkiv som er uordna. Det er to grunnar for dette: Det vil være vanskelig å kontrollere om dokumenter som er underlagt teieplikt blir gjort tilgjengelige, og framfinning i slike arkiv vil som regel være urimelig arbeidskrevjande.
- Forskarar - dvs. personar med vitskapelig stilling innanfor relevant fagområde, eller ein person under rettleiing av ein med ein slik stilling - kan få tilgang til materiale underlagt teieplikt etter vedtak av vedkommande fagdepartement. Vedkommande må sjølv søke departementet om innsyn.
- Førespurnad om innsyn skal som regel være skriftleg.. Søknaden skal gjøre reie for kva arkiv og kva slags opplysningar innsyn er ynskt ii, formålet med innsynet, skriftlig fullmakt når en person søker om innsyn på vegne av en annan, heimel for innsynet når den som krevjar innsyn meiner å ha rettslig krav på opplysningane
- Arkivmateriale som det er gjeve innsyn i, må benyttast på den plassen arkivbrukaren har fått tilvist. Det er ikkje høve til å låne arkivmateriale ut av kommunehuset. Før det blir gjeve tilgang til materialet, skal arkivbrukaren skrive under ein erklæring om at han/hun er kjent med gjeldande regler for bruk av arkivmateriale.
- Dei som har hatt ansvaret for ein ekspedisjon er også ansvarleg for at materialet blir sett på rett plass etter bruk.
- Avslag på krav om innsyn blir grunnjeve med lovheimel. Dersom dokumentet/journalposten blir skjerma eller unnateke med heimel i Ofl. § 5a, blir det vist til den lovregelen som gjev grunnlag for teieplikta (t.d. Fvl. § 13-1 eller 13-2). Det er i utgangspunktet berre dei opplysningane i dokumentet som er underlagt teieplikt som skal unnateke.
- Vestre Slidre kommune skal praktisere meiroffentlegheit. Det vil seia at før innsyn blir gjeve blir det vurdert om det skal bli gjeve innsyn i heile eller delar av dokumentet sjølv om det kan bli unnateke etter føresegner i lova. (Ofl. § 2, 3. ledd). Det blir ikkje praktisert meiroffentlegheit for opplysningar underlagt teieplikt
Partsinnsyn
Forvaltningslova regulerer retten til innsyn for part i sak. Ein part i sak er definert som ein person som ei avgjerd retter seg mot eller som saka elles direkte gjeld (Fvl. § 2-e). Den som er part i sak der det vert gjort enkeltvedtak har ofte behov for å gjere seg kjend med dokumenta i saka. Hovudregelen er at part i sak har rett til innsyn i saksdokumenta (§ 18, 1. ledd). Det må heimel til for å nekte part rett til innsyn. Heimel er å finne i § 18, 2. ledd, som gjev tilgang til å nekte innsyn i dokument utarbeidd for organets interne saksførebuing, eller i § 19 som innskrenkar tilgangen til å krevje innsyn i visse opplysingar.
I § 20 er det reglar for korleis dokumenta skal gjeras tilgjengelege for parten.
Dersom parten blir nekta innsyn kan vedkommande klage etter reglar i Fvl. § 21.
Meiinnsyn
Når det er høve til å unnta eit dokument frå offentligheit, skal kommunen likevel vurdere å gi heilt eller delvis innsyn. Kommunen bør gje innsyn dersom omsynet til offentleg innsyn veig tyngre enn behovet for unntak. Det er viktig at kommunen legg opp til saksbehandlingsrutinar som inneber at meirinnsyn faktisk blir vurdert..Alle førespurnader om meirinnsyn skal bli behandla som dei same rutinane.
Innsyn i personopplysningar
Førespurnad om innsyn i personopplysningar er regulert av personopplysningslova.
Lovheimel
- Offentligheitslova § 3 seier som hovudregel at alle kan krevja innsyn i saksdokument, journal og lignande registre.
- Offentligheitslova § 11 om meirinnsyn seier at det må vurderast å likevel gje innsyn sjølv om det er høve til halde unna opplysningar.
- Offentligheitslova kapittel 3 lister opp unntaka frå innsynsretten
Laster...